J. Bjørger Hausten i mitt hjarte Ein VAKKER ho var vakker eg synast no det SJØLSVIK eg hatar ho eg hatar ho eg hatar ho eg hatar ho eg er viss på at eg hatar ho BORTE eit glimt ein augneblink av grenselaus lykkje borte TRØYTT alt eg eingong elska er borte att ligg berre vonde minner i hugen eg er trøytt eg vil ikkje meir HAUSTEN I MITT HJARTE hausten har kome bladene flammar mot himmelkvelven i mitt hjarte flammar lengsla lengsla etter ho som eg let gå ENDELAUS EINSEMD eg sit og drøymer vakre tankar om ho ho er ikkje her meir no for alltid er eg einsam LIVSANGST eg er einsam eg vil døy eg er einsam eg vil døy ALT ho tok alt eg eigde pengane og To SJOG det sjogar små fjom freistar å dekkje det vonde i min hug fånyttes SJØLSVIK (del 2) kvar er ho kven er ho med kva gjer ho eg gjev faen BILETA eg ber dei med meg kvar eg går desse bileta av ho SORGTUNG HUG eg har det vondt her eg ligg med min sorgtunge hug MEG skal tru om ho tenkjer på meg nokon gong TRØYST dei seier eg vil gløyma ho kva trøyst er det HJARTELENGSLE eg sit ved peisen drøymer om kjærleiken drøymer om ho NÅDELAUS alt ho gjorde alt ho sa ho var nådelaus Tre HEILAGE STADAR visse stadar er heilage VEIKSKAP eg hatar meg sjøl for at eg elska ho eg hatar meg sjøl for den veikskapen det synte LOVNAD ho vart ikkje mi ho blir ikkje nokon annans heller SLAGEN MANN her sit eg eg er ein slagen mann ORD det er så mykje eg skulle ha sagt ho men ADJØ ho sa ikkje engong adjø AMBIVALENT vi hadde no eit ambivalent forhold det var nok det ja