Ivar Aasen Symra [Etter 3. utgåva: "Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim". Kristiania, 1875. Over: Foto frå 1872. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad.] Tittelsida til tredje utgåva (1875) Vigdis Ystad: Ivar Aasen - nyttepoet eller sann diktar? Fyrestev Gamle Norig Nordmannen Dei gamle Fjelli Heimvegen Gamle Grendi Vaardagen Sumarkvelden Haustvisa Hugen Von og Minne Saknad Elskhug-Kvæde Det einlege Standet Ymse Vasarlag Tolugt Mod Tjon og Von Fals og Fusk Uvitingskap Høgferd Hugen til Rikdom Att og fram Gløymska Livet Vit og Tru Etterstev FYRESTEV So ymse Folk eg kjenner til, som hava Hug til aa kveda; og faa dei nokot, som høva vil, so hava dei rett si Gleda. Men strengt um Stevet døma dei, og Fusk er faafengt aa bjoda; til klena Visor dei segja Nei, dei ropa berre paa goda. * * * «Kom med Visor, og helst av deim, som kvika og inkje krenkja: slikt som høver vaar eigen Heim, og slikt som me sjølve tenkja.» «Den, som laag og liten er og tidt med Spottord stungen, han lettnar, naar han høyra fær sin eigen Tanke sungen.» «Kom med nokot, som vekkjer Mod. D'er nog av Tvang og Trengsla. Ei liti Hjelp var fulla god, naar Hugen stend i Stengsla.» Heppen var den, som hadde Dug til slike Vers aa kveda, at dei, som høyrde, fekk same Hug og kjende same Gleda. Heppen den, som var so hæv, at slik ei Gaava han aatte og kunde gjera so gilde Stev, at Folket læra deim maatte. * * * Eg heve freistat so einkvar Gong, um sjølv eg Stev kunde gjera; men sjeldan fekk eg so min Song, som helst han skulde vera. Difyre legg eg so litet fram; eg vil ikkje Tidi spilla. Det skal ikkje verda so lang ein Glam, eg vil berre Harpa stilla. * * * Symra teiknar til Sumars Bil; um Vaaren tidla ho blømer; men fleire Blomar maa koma til, naar Kulden or Markom rømer. GAMLE NORIG Gamle Norig, nørdst i Grendom, er vaart eiget Ættarland. Der er Hav, som heilt aat Endom leikar um den lange Strand; Der er Vikar og Votn og Øyar, tusund Fjordar og tusund Fjell, Snøydor, der sjeldan Snjoen tøyar, Dalar, der Fossen diger fell. Leid er vel den lange Vetter, endaa grøn vaar Granskog stend, og naar Lauv i Lidom spretter, fagre Liter fær vaar Grend. Store Dagar og stutta Næter lida lett um den ljose Jord; Strand og Fjord og Fjell og Sæter skiner av Sol fraa Sud og Nord. Born av deim, som bygde Landet, er paa Tuftom endaa til; Garden stend i gamle Standet, bygd og bøtt som Bonden vil. Van til Møda, meir en til Kjæla, leikar Lyden paa Land og Sjo. Giv han sitje med Sømd og Sæla trutt paa Tuftom i Trygd og Ro! NORDMANNEN Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenget sin Heim, der han sjølv heve Tufterna gravet og sett sjølv sine Hus uppaa deim. Han saag ut paa dei steinutte Strender; det var ingen, som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss Grender, og so eiga me Rudningen trygt.» Han saag ut paa det baarutte Havet; der var ruskutt aa leggja ut paa; men der leikade Fisk ned i Kavet og den Leiken den vilde han sjaa. Fram paa Vetteren stundom han tenkte: Giv eg var i eit varmare Land! Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte, fekk han Hug til si heimlege Strand. Og naar Liderna grønka som Hagar, naar det laver av Blomar paa Straa, og naar Næter er ljosa som Dagar, kann han ingenstad vænare sjaa. DEI GAMLE FJELLI Dei gamle Fjell i Syningom er alltid eins aa sjaa, med same gamle Bryningom og same Toppom paa. I Bygdom byggja Sveinarne, og Huset stender laust; men dei gamle Merkesteinarne dei standa lika traust. Paa Fjellom er det leikande aa ganga til og fraa og kring um Toppen reikande so vidt um Land aa sjaa: til Havet kring um Strenderna med Skip som Fuglar smaa, og til Fjelli kring um Grenderna med tusund Bakkar blaa. Der er so mange Hendingar i Bygdom komne til; me sjaa so mange Vendingar alt paa eit litet Bil. Dei hava snutt um Vollarne og flutt og rudt og bygt; men dei gode gamle Kollarne dei standa lika trygt. So stod dei gjenom Tiderna, vel mange tusund Aar; og Graset voks um Liderna, og Lauvet kom kvar Vaar; og Vinden tok um Topparne og Vatnet tok um Fot; men dei gilde gamle Kropparne dei toko traust i mot. Av Hav kom Sjomann sigande og lengtad' etter Land, daa saag han Fjelli stigande og kjendest ved si Strand. Daa kom det Mod i Gutarne, som saag sin Fødestad. Ja dei gode gamle Nutarne dei gjera Hugen glad. HEIMVEGEN I Heimen der hyggjer seg Barnet best, til Heimen vil Ungdomen stunda, og Mannen, som sviver i Aust og Vest, vil helder paa Heimferdi skunda. Um Landet var bratt, og steinutt og svadt, og Mødor i Vegen var manga, paa Heimvegen gjekk det daa helder radt, og Milerna vardt ikkje langa. Mauren kryp aldri so vidt i Kring, han leitar ei uppatter Tuva, og Mannen 1øyp inkje so lang ein Sving, han lengtar ei heim til si Gruva. Um og han var glad i framande Stad, so vil ikkje Hugen seg festa, og Heimen med Haugar og Stein og Svad, han verder daa kjærast' aa gjesta. Ja heime der baka dei Braudet best, og vænaste klippa dei Klædi, der hava dei Klangen i Maalet mest og vænaste kveda dei Kvædi. Der ser du ein Dag med ljosare Lag, og Skog med eit mildare Skygge; og raamar so Sorgi deg der med eit Slag, so finner du endaa eit Hygge. GAMLE GRENDI Tidt eg minnest ein gamall Gard med store Tre og Runnar, Vollar, Bakkar og Berg og Skard og Blomster paa grøne Grunnar. Der eg hadde meg so godt eit Rom: Hus og Mark med baade Bær og Blom, alt eg nøytte som ein Eigedom med baade Lut og Lunnar. Der var Dalar og Lider nog, der Lur og Bjøllor klungo; Der var Ruster og fager Skog, der tusund Fuglar sungo. Tett med Stova stod ei Bjørk so breid der hadde Skjorerna sitt gamle Reid, Staren song i kvar ein Topp, som beid, og Erlor i Tunet sprungo. Heime var eg so vida kjend og slapp inn, kvar eg vilde, i kvart Hus i den heile Grend, um endaa Folket kvilde. Der var Kjenningar i kvar ei Kraa, og naar eg ukjende Folk fekk sjaa, spurde eg radt, kvar dei var ifraa, og dei var lika milde. Var det nokon, som der leid vondt og vardt fyre Tap og Spilla, braadt det spurdest um Bygdi rundt, og alle tykte, det var illa. Ofta minnest eg mi gamle Grend, naar eg framand uti Verdi stend, heimlaus, frendelaus og litet kjend, og likar paa Leiken illa. VAARDAGEN Upp av Krakken! Sumarsoli skin i grøne Bakken; Jordi heve fenget Helgar-Plagget paa, Skogen stend i Lauv so lysteleg aa sjaa. Livet lettnar, Vollen turkar seg, og Vegen slettnar. Varma Guster leda Lauvet paa dei grøne Ruster. Nyst var Regn, og Jordi fekk sitt milde Bad, reint er kvart eit Straa, og laugat kvart eit Blad; Toppen sprikjer, Blomen slær seg ut, og Bladet slikjer. Inn um Glaset fær eg Angen av det grøne Graset. Vist er Vinden rik paa Liv og Lækjesaft; ut eg vil og sanka Helsebot og Kraft; alt for lenge sat eg inne som ein Fugl i Stenge. Kvar ein kagar, alltid nokot nytt seg uppedagar. Nye Blomar spretta fram paa alle Rom; lette Fivreld' yppa seg fraa Blom til Blom; uglar sviva upp med Song og rundt um Rusti driva. Kvar ein lyder, Liv og Ljod paa Viddom fram seg byder. Lat oss ganga seint og sjaa oss vel i Kring: Vegen er so full av fagnadsame Ting. Langa Stunder treng eg til aa sjaa paa desse Funder. SUMARKVELDEN Velkomen atter hit til vaara Grender, velkomen her, du sæle Sumarkveld, med Lauv og Gras ut yver alla Strender og gule Blomar i den grøne Feld, med lette Smaasky, lagd i langa Render som Traadar i det høge Himmel-Tjeld, og med den milde Ljosken, som seg breider ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider. Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar for ljos til Natt og mesta dim til Dag. Dei stille Votni standa blaa som Brunnar, og Fossar syna seg i kvite Drag. Det myrkjer i dei tette Holt og Runnar; det ljoskar i dei blakke Bygdalag. Den ljose Himmel speglar seg i Sjoen og blikar mildt i Doggi yver Moen. Her glytter Ljos igjenom tusund Gluggar imillom Lauvet i den tette Lund. Inn under Bjørkom standa ljose Skuggar rett som ein Flekk um Roti, lett og rund. Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar, i denne kvildarrike Nattarstund. Den snøgge Fuglen kurer, trøytt av Dagen, og rosutt Fivreld' roar seg i Hagen. Den sidste Sol-Blenk er i Havet sokken, den fyrste kjem snart or den laage Grop; ein Dag er tendrad, fyrr en hin er slokken, og Kveld og Morgon renna heilt i Hop. Snart vaknar upp den kvilde Fugleflokken og helsar Morgonen med Gledes-Rop. So riser Soli til den lange Svingen og set ein annan Lit paa heile Kringen. Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider, og minnast, at ho skrider ofsa fort. Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, som lider, eit Stig mot myrke Vetteren er gjort. Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, som bider, er fallen av; og slikt eit Fall er stort. Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar, og nøyta Sumar'n, fyrr eg honom saknar. HAUSTVISA Sumaren kverv og snur seg burt; Dag etter Dag han ut or Synom siger. Graset vil verda styrdt og turt. Ljoset vil minka; Myrkret stiger. Dagen er stutt, og Natti lang; so er no Aarsens gamle Gang. Lysande gult er Lauvet litt. Heppelegt Liv, som fær so fager Daude! Skogen er trøytt av Plagget sitt; ymise Toppar standa snaude. Losnat av Kvistom eitt og eitt ligg yver Jordi Lauvet breidt. Snart er den ljose Bjørki snaud; snart faa me sjaa det sidste Lauvet losna. Hagen er tom, og Engi aud, Røterna standa i Jordi frosna. Men yver Jordi, aud og tom, ligger det Fræ til Gras og Blom. Vetteren kjemer kald og streng; sæl er no den, som kann i Husom hyggjast. Gleda flyr ifraa Mark og Eng, Fuglarne burt or Bygdom styggjast, men sine Reid ifraa sidste Vaar vitja dei vist eit annat Aar. Endaa me vilja paa Landet sjaa, helst naar me faa ein liten Glytt av Soli. Eingong me fegre Dagar faa, helst naar det lider fram um Joli. Og etter all den lange Kvild kjemer vel Vaaren, ljos og mild. HUGEN Hugen fer so vida millom Von og Kvida. Myket kjemer til, som ingen hadde spaatt, myket kjemer stort og verder sidan smaatt. Hugen fer so vida. Hugen fer som Daaren, drøymer stødt um Faaren. Fram i Vegen, trur eg, er ein Bakke bratt; naar eg kjemer der, so er det berre flatt. Hugen fer so vida. Hugen fer som Draumen att og fram i Straumen. Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt; naar eg kjemer der, so er han burte radt. Hugen fer so vida. Hugen fylgjer Tidom, trøyttest ut av Stridom. Naar eg ser, eg inkje Huset større fær, gjerer eg meg nøgder med det, som det er. Hugen fer so vida. VON OG MINNE Von og Minne fara vida, kvar sin Veg dei sviva um. Attarst er den ljose Sida; fremst er Vegen myrk og skum. Fram i Myrkret Voni vender, uviss um si rette Leid; att i Ljoset Minnet stender, der er Vegen kjend og greid. Att paa Vegen Mannen kagar ofta sturen, stundom glad. Spillte Stræv og spillte Dagar ser han der paa mangein Stad. Annan Veg det heve gjenget, en som sjølv han vilde spaa; ymse Ting han heve fenget, som han aldri tenkte paa. Store Støytar skjekkja Heimen; gamla Voner stupa ned. Mannen trengjest med i Sveimen att og fram forutan Fred. Førd i Ring av stride Straumar driv han fraa si Stemna snart; og dei gamle kjære Draumar kverva undan etter kvart. Det, som minst av alt eg trudde, saag eg stundom ganga fram; det som helst i Hugen budde, det gjekk helder av med Skam. Fegen saag eg ymse milde Syn, som fagra Voner gav; men den Ting, som helst eg vilde, vardt der aldri nokot av. Men um Voni stundom sviker, trur eg endaa, ho er god. Naar som Lukka fraa meg viker, helder Voni upp mitt Mod. Lat dei mindre Voner fara, lat deim falla utan Sut, naar dei største vilja vara trufast heile Vegen ut. SAKNAD Eg veit so vel, det finst ein Skatt, som vel eg hava maatte; og ingen Mann det vilde skadt, um eg den Skatten aatte. Og fann eg den, var allting vel; eg skulde vera rik og sæl. Men aldri veit eg Grunnen, der han skal verda funnen. Eg veit so vel, det finst ein Stad, kann henda nær ved Sida, der vist eg skulde verda glad og gløyma burt all Kvida. Og kom eg der, so fekk eg naa den Ting, som mest eg sakna maa. Men det er heile Skaden: eg finner aldri Staden. Eg veit so vel, det finst ein Barm med same Kjensla inne, med same Hug og same Harm og same Von og Minne. Og fann eg den, vardt allting rett, og Livet skulde skrida lett. Men det er verst aa minnast: me skulo aldri finnast. ELSKUG-KVÆDE Naar eg finge den, eg vilde, aa! eg skulde voret glad; som til Gjestebod og Gilde gjekk eg til min Armods Stad. Lat so vera, det vardt Møda; mødast lyt ein, kvart ein vil. Um det og var trongt um Føda, Armod er me vane til. Naar eg berre paa det tenkjer, ljosnar Heimen som ein Dag; alt eg gløymer, som meg krenkjer, allting fær eit annat Lag. Hugnad som ei Himmels-Sending strøymer inn i alt mitt Vit. Allting fær si rette Vending, Livet fær sin rette Lit. Alt, me skulde havt aa røda, vilde seint sin Ende faa. Fagnad millom Trong og Møda knapt det skulde skortat paa. Ikkje trur eg, nokon gaadde myken Ufred, der me var; ikkje trur eg, at der raadde myket Strid og strenge Svar. Naar me gjekk i Onni saman, skulde Verket fallet lett. Laga skulde me med Gaman alt, som best me hadde seet. Aldri er det tungt aa træla, der ein stødt kann Hugnad sjaa. I eit Hus med Fred og Sæla der verd alla Mødor smaa. Lat deim etter Pengar grava, dei som stødt paa Rikdom sjaa. Naar ein fulle Hus kann hava, tru dei, inkje stender paa. Endaa ymist Folk eg kjende, som var rikt og kom i Skort; og paa same Tid det hende, at eit litet Bu vardt stort. Nei, den Skatten vil eg unna deim, som honom hava vil; helst til deim, som aldri kunna utan Rikdom vera til. Men ein Heim, der Hugnad kvilde, var den Ting, som mest meg drog. Naar eg finge den, eg vilde, var eg alltid riker nog. DET EINLEGE STANDET Det einlege Standet skal vera so gildt. Dei tru, du er fri fyre alt, som er ilt; dei segja, du slepper aa mødast og syrgja, du raader deg sjølv og treng ingen aa spyrja. So er du vel heppen og fegen og sæl? Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel. Du høyrer og ser no um Dagen so mangt, og fekk du fortelja, so vart det vel langt. Daa er det vel nokon, som med deg vil røda og spyrja deg ut um di Moro og Møda; d'er nokon, som bryr seg um det, du fortel? Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel. Og fer du or Huset paa Langvegen ut, so skal der vel verda ei Sorg og ei Sut. D'er nokon, som spyrr deg, naar heim du skal venda, og vil, at du Helsingar heimtil skal senda, og ynskjer, at alt maatte ganga deg vel? Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel. Og kjem du so heim fraa den framande Stad, so er det vel einkvar, som gjerer seg glad. D'er nokon paa Bryggja, som Helsingar hentar; d'er nokon, som stender paa Vorren og ventar og helsar deg blidt og er lystig og sæl? Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel. Og Sotter og Sykjor kann lett koma paa, daa er der vel Hugning og Hjelp til aa faa? Du kvider og syter og fær ikkje sova, daa er det vel nokon, som ser inn i Stova; d'er nokon, som græt, um du talmast i Hel? Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel. Nei, kann du deg aldri ei Menneskja faa, so maa du all Hugnad av Tankarne slaa og venja deg vel til aa sakna og strida, og trøysta deg med: der er fleire, som lida; det einlege Liv gjerer ingen Mann sæl. Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel. YMSE VASARLAG Det gjeld aa fara varleg fram; d'er mange Faarar dulde. Ein kann so lett faa Last og Skam der minst ein venta skulde. Der er so ymse Vasarlag, som rekna kvar Manns Lyte og sanka Drøs av alle Slag i smaa,og store Knyte. Du kann faa vera med, men daa du hjelpa maa med Taket; og verd du leid og gjeng ifraa, so fær du Skam paa Baket. Um litet vondt um deg er sagt, so kann vel meir seg laga; naar Dikt og Gisning til er lagt, so verd det snart ei Saga. Du kunde faa ein Motgangs Trykk paa Helsa og paa Trivnad, daa segja dei: det kjem av Drykk og ymis galen Livnad. Ein Skalk, som same Namnet ber, kann Folk vel hava merkat; kann henda, daa du Skuldi fær fyr' alt, som han hev' verkat. Ja, kor du snur, so stend du fast. Kven veit, kvat Folk vil drøyma? Hjaa alle Mann dei finna Last; seg sjølv dei berre gløyma. Der er vist aldri betre Raad en ganga beine Vegen og blaasa aat all Spott og Haad og vera lika fegen. TOLUGT MOD Tolugt Mod er godt aa hava. Tidt mot Straumen fær du kava, um din Rett er nog so god. Ymist fær du sjaa og høyra, som er ilt i Syn og Øyra; tak det alt med tolugt Mod. Naar du tunge Verk maa gjera og fær Vantakk heim aa bera, tak det tolugt og ver god. Fær du vera med i Reidsla og fær inkje godt av Veitsla, tak det alt med tolugt Mod. Verda Folk deg alt for fine, vil dei spotta deg og dine, gakk ifraa deim og ver god. Grina dei aat all din Bunad, aat din Tale, Gang og Snunad, tak det alt med tolugt Mod. Naar dei til sitt eiget Nøgje gjera berre Laatt og Løgje av ei Gjerning, som var god; naar med Skam dei ned vil riva betre Verk, en sjølv dei driva, tak det alt med tolugt Mod. Naar dei til sitt eiget Gaman leggja Slarv og Drasor saman um ei Grend, som vist er god; naar dei skjella og skamfara Folk, som inkje sjølv faa svara, tak det alt med tolugt Mod. Naar dei Lygn um Landet senda rundt, og Sanningi forvenda i ein Storm av Skraal og Ljod; naar dei truga Folk aa tegja, som eit Ord imot vil segja, tak det alt med tolugt Mod. Um eit Ord du heve svarat, og det so var snutt og snarat, til det reint paa Tverka stod; var du hutad midt i Talen som ein Unge, vill og galen, tak det alt med tolugt Mod. Tru du maa, at Retten vinner, naar han rette Tidi finner; men han trenger Verja god, og det verder langt aa bida; mang ein Harm du fyrst maa lida. Berre hav eit tolugt Mod. TJON OG VON Det gjeng paa berre Tap og Tjon, som tidt det heve gjenget; me hava havt so mangei Von og liten Fagnad fenget. Det er no stundom so aa sjaa, som ingen Rett var meir aa faa. Kvat skal ein Stakar kveda? D'er tie Ting aa harmast paa og ingen Ting til Gleda. Ja, naar du ser, kor Folket fer, so maa du ofta fæla; den verste Narreskap, som er, er deira største Sæla; og det, som alltid dugde best, er stundom det, dei hata mest. Kvat skal ein Stakar tenkja? Han er so van aa vera lesst av Ting, som Hugen krenkja. No var det best aa snu seg fraa og lata Verdi dansa. All Daarskap, som du stødt fær sjaa, var aldri verdt aa ansa. Du ser, at Urett jamt er gjord, og Lygner laupa sud og nord. Kvat skal ein Stakar segja? Det bryr seg ingen um hans Ord; di kann han gjerna tegja. Men Verdi gjeng no att og fram; det maa me alltid læra; det, som i Fjor var Last og Skam, det kom i Aar til Æra. Naar Leiken gjeng i beste Lag, so kjem det helst eit Atterslag. Det kann so myket heppa. Det endaa koma kann den Dag, daa Retten fram kann sleppa. FALS OG FUSK Med Fals og Fusk er Verdi full, og mangt eit Korn læst vera Gull; men naar ein ser det nærre, so var det verdt eit mindre Rop: d'er berre Graastein alt i Hop, og stundom nokot verre. Um Framgang er no myket rødt, alt nytt skal vera Framgang stødt, men naar ein ser det nærre, so gjeng det ymist att og fram: det eine fær ein betre Ham, det andre verder verre. Av Fridom skrøyter mangein Mann, og fagre Ord han tala kann, men naar det kjeiner nærre, so vil han liten Fridom sjaa, og kann han Vald i Grendom faa, han verd ein strenger Herre. Um Landsens gamle Sed og Viis dei tala tidt med myken Priis, men naar det kjemer nærre, naar sjølv dei gamall Sed faa sjaa, so kvekka dei og røma fraa, som ingen Ting var verre. Av Vit og Kunnskap, ser ein tidt, at Folk vil skrøyta stort og vidt, men naar det kjemer nærre, so vita dei um Smaating best, og minst um det, som trengdest mest, og slikt er helder verre. Og mangein Gut læst vera klok og skriver stort i Blad og Bok, og naar du ser det nærre, so er det litet Gagnet i, og skal du fara etter di, so fer du fulla verre. UVITINGSKAP Det feller so maklegt aa røda um det, som ein minst heve røynt, og læja aat annan Manns Møda og drøsa um alt, som er løynt. Um Framferd ein myket kann skravla, naar sjølv ein fær alt utan Skort; men den, som mot Bakken skal kravla, han fær ikkje renna so fort. Ein Etar med Svipa si smeller og kjøyrer um Land og um Strand; paa Bønderne jamnan han skjeller, at inkje dei dyrka sitt Land. Jau, fekk han ein Gard til si Føda og inkje til Løn, som du veit, eg tenkjer, han bøygdest av Møda, han vardt ikkje vidare feit. Ein Etar maa Sjofolket lasta: dei fara no berre med Skrap; sin Vinning paa Sjoen dei kasta og driva si Fiskja med Tap. Jau, skulde han sjølv søkja Maten i Storm paa det huskande Hav, det vardt vel so maateleg Baten, og Modet det dovnad' vel av. Ein Tugtar det slett ikkje lider, at Folk søkja Moro og Lyst. Han gløymer dei framfarne Tider, daa sjølv han til Moro var tyrst. Kven veit, um han Skaali si sette ifraa seg, fyrr fullnøgd han vardt? Naar Katten hev' fenget sin Mette, so snakar han ikkje so hardt. Og stødt vil Uvitingen vona, at ingen fekk Vit utan han; og stødt vil han skjemma og tjona den Ting, som han sjølv ikkje kann. Alt gamalt han ned vilde grava, naar berre so vist han slapp til. Men endaa den Voni me hava: han vinn ikkje alt, som han vil. HØGFERD Alt det som no skal duga, det lyter vera stort; for upp i Høgdi vilja no alle Folk so fort. Det teiknar til, at alle den same Hugen faa aa fara som dei store, og inkje som dei smaa. Dei unge gilde Gutar dei tykkja, det er ilt, at andre Land skal hava so ofsa myket gildt, at Folket der kann skrøyta og kosa seg so godt og skræma sine Grannar og hava deim til Spott. Det er ein Harm aa høyra ifraa eit annat Land, at der er større Rikdom og alt i større Stand. Det er so vondt aa vita, at ut i Landet der skal vera større Byar og større Hus en her. Ja, der er Husi høgre med fleire Fargar paa og myket større Salar i Husom til aa sjaa og fleire Folk i Gata og myket større Skraal og fleire stora Bøker og frægare Maal. Der er det fleire Kjolar, og ny er kvar ein Klut; med halvtaars-gamle Klæde fær ingen ganga ut. Der er det fleire Fruer, som pryda kann sin By med myket større Stakkar og finare Ty. Der ut i andre Landet dei kunna halda Lag med Drykkjer og med Retter av mange hundrad Slag og standa stolt um Bordet og drikka si Skaal med dundrande Talar i eit sprikjande Maal. Ein Arming er no inkje den rike Mannen lik, men endaa kann han braaka og laast vera rik; og skurar han seg upp, er han lika blank aa sjaa, for Kroppen er vel jamgod, naar Klæde koma paa. Det er den største Gleda, ein liten Fyr kann faa, at han slepp upp i Høgdi, so Folk maa honom sjaa; og kjem der so ein framand og rosar honom gildt, so verd han so stolt. at han reint 1øyper villt. Kven kann so undrast paa, at det feller honom kjært aa læra slike Ting, som dei rike hava lært, aa drikka same Drykken og gjera same Skraal, aa bera same Klædnad og læra same Maal. Den Sida, som snur ut, er no den, som alle sjaa, og det som er inn under, det ser no ingen paa. Og sjaa me ut som Herrar, so faa me Herre-Rom, so lenge til det syner, at Pungen han er tom. HUGEN TIL RIKDOM Var eg ung, og var eg rik, so lærde eg vist aa liva; daa fekk eg vera ein Stormann lik og stora Gaavor giva. Daa fekk eg Lov aa leika, ganga i Kring aa reika, sitja kvar Dag i Gjestelag og faa kvat eg paa vilde peika. Fyrst laut eg ut i eit annat Land og sjaa dei største Stader, der som er Folk av høgste Stand, som bu i tetta Rader; berre sjaa paa dei fine og blaasa aat alle hine, koma so heim fraa all den Sveim og byggja paa Husi mine. So laut eg hava Sal paa Sal med Speglar i alle Grunnar, Fuglar i Bur i kvar ei Sval og spanske Tre og Runnar; Stallar med blanke Veggjer og Hestar med lange Leggjer, engelske Kyr og andre Dyr so fullt som My og Kleggjer. So laut eg hava ein Tenarflokk og fine Folk og gilde; dei skulde senda meg Sko og Sokk og gjera alt, som eg vilde. Daa eg slapp aa bida, eg slapp mot Kvelden kvida; Grannar kom til meg kvart eit Bil, so Kvelden lett maatte lida. Vilde eg ut paa Friar-Veg, so var ikkje mangt i Vegen. Verfader kom og møtte meg og var baade blid og fegen. Ja, daa fekk eg den, eg vilde, og alle Folk var snilde. Kven skulde inkje hava Hug til Gjestebod og Gilde? Ein Ting er eg nokot rædd: Det fanst vel endaa Lyte. Den som i berre Sylv er klædd, han vil hava Gull til Byte. D'er ein Ting til aa fæla midt i den meste Kjæla: en um eg leiddest av alt i Hop, so var det til liti Sæla. ATT OG FRAM Det gjeng no so att og fram, som fyrr det heve gjenget; det heng millom Æra og Skam, som fyrr det heve henget. Dei tru, det skal ganga so fort alt fram til nokot stort. Men so tidt nokot stort er naatt, so kjem det stødt nokot smaatt. Av Rikdom det eingong var fullt i desse Land og mange; men so kom det Armod og Svult, og nakne Kroppar og svange. No er Rikdomen komen paa nytt, so det singlar høgt og lydt. Men eg tykkjer, han gjenger so fort, at det snart maa koma Skort. Og med Viisdom var det so gildt ein Gong i gamla Tider; men sjaa ti, um han ikkje gjekk spillt, og Daarskapen vann um sider. No er Klokskapen komen so sterk, at han skjemmer ut alle Verk. Og naar Viisdomen so er for stor, so kjemer vel Daarskap i Flor. Det er no den gamle Gang at allting veks og minkar. Stor Fagnad er sjeldan lang; stor Sorg med lidi linkar. D'er myket, som læst vera traust, og endaa so stender det laust; og naar so ein Støyt kjemer paa, so brotnar det av som Straa. GLØYMSKA Det gløymest allting med Tidi av; rundt um oss Gløymingi lurer. Ein Mann or Huset fer til si Grav, og Huset syrgjer og sturer; men um ei Stund i det same Hus er Leik og Gaman og Staak og Sus. All Sorg og Sut er sopad ut, og Gløymska vinner paa Minnet. Det vaknar stundom ein ofsa Strid; han gjeng med ymise Vende; dei rosa Vinningen kvar si Rid, so ingen ser nokon Ende. Og Hopen bisnar og lyder paa og røder um det i kvar ei Kraa. So døyr det av med alt sitt Kav, og Gløymska vinner paa Minnet. Ein Diktar seter ei Bok i Hop, som store Skifte skal gjera; han skal no koma i slikt eit Rop, at aldri gløymd han kann vera. Men Minnet varer eit Aar og tvau; det varer knapt inntil seks og sjau, til tjugo Aar det aldri naar; for Gløymska vinner paa Minnet. Um kjærleg Hug var det stundom sagt, han aldri skulde faa Ende; og endaa gjekk det no sidan skakt, so Hug til Vanhug seg vende. Men endaa trur eg no helst uppaa, at Elsken vara til Enden maa. Der vil eg snu og ikkje tru, at Gløymska vinner paa Minnet. LIVET Heimen er baade vond og god, det skifter med Sut og Gaman. Hæv er den, som med same Mod kann taka mot alt tilsaman. Vegen ligger so ymist til med Staup og store Krokar. Ein kjemer der, som ein ikkje vil, og fram i mange Flokar. Sveinen stemner i Vegen radt med stora Voner i Barmen; men Vegen verd honom tidt for bratt, og Voni møtest med Harmen. Um ei Stund han fær ein Stur, det heve sitt gamle Gjenge: Gleda gløymest, fyrr du trur, men Sorgerna sitja lenge. Kjem han sturen i Verdi ut, so fær han liten Fagnad; Verdi snur seg fraa all Sut og fraa ein Vesallmanns Lagnad. Ho vil, at Mannen skal stræva hardt og ikkje fraa Verket vika og aldri missa sitt Mod for snart, um endaa Vonerna svika. Strenge Dagar maa koma paa, men etter koma dei milde. Den største Hugnad me stundom faa, der minst me vona vilde. Lauvet fell um Hausten av, um Vaaren atter det spretter. Dauden herjar um Land og Hav, men Livet kjem alltid etter. Stormen sopar i Skogom hardt, so Tre og Kvister brotna; men grøne Kvister vil renna snart av Rotom til deim, som rotna. Kjært er Livet med all sin Harm; det klaarnar, alt som det gjenger. Men endaa treng eg ei Von i Barm um eit, som varer lenger. VIT OG TRU Me høyra stundom so stort eit Ord um alt, som Folk tykkjast vita um Liv og Lagnad, um Himmel og Jord og alt, som Mann kan gita. Eg ottast, alt, som me vita fullt, er litet mot alt, som fyr' oss er dult. Eit Frækorn fell av eit Tre i Mold, det sjølv til eit Tre seg lagar med diger Stuv og med fager Koll, som høgt i Vinden svagar. Kven vilde vel tru, naar han ikkje saag, at all den Kraft inn-i Frækornet laag? Me sjaa kring um oss eit Liv so rikt i tusund Skap det seg rører. Det unge Dyr er det gamle likt, og lystigt sitt Liv det nører. Kvat er detta Livet? Kor kom det der og kvar verd det av det, naar ut det fer? Me sjaa ei Sol, som sender oss Dag og jamstødt søkker og spretter. Det gjenger kvart Aar med same Lag, med Vaar og Sumar og Vetter. Kor lenge gjekk det vel so som no? Kor lenge skal det vel ganga so? Me sjaa uti Rømdi so stor ein Kring, der Stjernor i Natti yrja; og Vetterbrauti stend som ein Ring, der framande Himlar byrja. Seg, er der vel einstad ein Ende paa? Og kvat er so utanfyr' Enden daa? Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til. Ei Tru maa stydja upp-under, - ei Tru, som trøysta og styrkja vil i myrke, stormande Stunder. Eg vonar, den Viisdomen hjelper mest, som med slik ei Tru kunde semjast best. ETTERSTEV Til Lags aat alle kann ingen gjera; det er no gamalt og vil so vera. Eg tykkjer stødt, at det høver best aa hjelpa den, som det trenger mest. Og kor du bryggjar og kor du bakar, d'er alltid ein, som det ikkje smakar; og naar den eine daa gjerer Rop, so ropar sidan den heile Hop. D'er mange nog, som vil Domar vera og læ aat alt, som dei andre gjera. Og Lyte finna dei rundt i Kring, og sjølve gjera dei ingen Ting. * * * Um Talen høyra me Rødor manga, og etter Storleiken skal det ganga: er Folket stort, so er Talen trygg; er Folket smaatt, so er Talen stygg. Og ymse Folk er no altfor rædde, at dei er havde til Spott og hædde. Dei skulde taka det helder lett; det kjem vel upp, kven som hadde Rett. Her spyrst no minst um kvat mange lika; mot Rett og Sanning maa allting vika. Det gjelder litet um tungt og lett; det gjelder beinast um rangt og rett. * * * Det er ein Ting, som oss tidt maa undra, at stort og smaatt skal seg alltid sundra, at alt det store skal Vyrdnad faa, so ingi Æra naar til det smaa. Det var vel lett, naar ein slapp aa grava, naar utan Stræv ein fekk Æra hava, naar den fekk Prisen, som kravde mest og berre kallad' seg alltid best. Det trur no mange den gamle Læra, at tyngste Verket er største Æra. Det trur no mange, det Folk er best, som krever minst og som strævar mest. * * * Ein fær no høyra so manga Grillor. Dei døma Folk etter Klædefillor. Er Kufta gamall, og Kroppen graa, so skal ein vandt nokon Vyrdnad faa. Kvat Raad skal Guten der heime hava? Dei vil, han skal ned i Moldi grava og endaa vera so blank og fin, at Skinnet glansar og Kragen skin. Skal alle ganga med kvita Hender, so kjem det Armod i manga Grender. Skal Guten grava og stræva hardt, so verder Neven vel hard og svart. * * * D'er brotne Kvister i alle Skogar; det henger Mold under alle Plogar; paa alla Leider det Lyte finst, og myket der, som ein ventar minst. Men naar me høyra um gamla Tider, so hadde Folket vel verre Rider. Med all den Trældom, som no me sjaa, so er det mildare no en daa. Og dermed vilja me endaa vona, at langa Tider maa myket sona, at eingong Sanning skal vinna lett, at eingong Folket skal faa sin Rett. [Attende til bokhylla] Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad gjon@sn.no