Ivar Aasen DOVREFJELL Det er ein stor Hugnad at ganga yver eit Fjell paa ein blid Sumardag, naar Heidarna ero turkade av Solvarmen, og Liderna standa i si beste Pryda med Gras og Blomar. Det er likt til, at Modet lyftest upp, naar ein kjem upp i Høgdi; Barmen lettnar og rømest av den reine Lufti, og Hugen kvilnar storlega av den store Utsyni yver Berg og Dalar paa alla Leider. Gardarne og Bøarne ned i Lægdi verda mindre og mindre fyre Augom, og sidstpaa kverva dei burt elder skyla seg under Fjellbruni, medan høga Heidar og Kollar risa upp i Himmelsyni i den endelause Viddi, der dei standa som store Merkesteinar ifraa Skapningar-Tidi, rolege og urørlege igjenom alle dei Umskifti, som kunna hendast i Bygdom nedanfyre. Dovrefjell er Skilmerket imillom mange Vatsdrag og Dalføre, som paa den eine Sida halla imot Nord til Havet, og paa den andre Sida mot Sud til Austlandet og Oslofjorden. Det hever fenget sitt Namn av Bygdarlaget Dovre, som ligg øvst i Gudbrandsdalen, austanfyre Lesja-Sokni, som sidan krøkjer meir til Vest imot Raumsdalen. Fraa Dovre nordetter til Uppdal er Fjellet so breidt at ein kann rekna frammot seks Miler imillom Bygdom; men ellers er Fjellet myket ujamt baade i Breiddi og Høgdi, so at ein helst maa kalla det ein stor Muge av høge Fjell med Dalar og Skoror i manga Stemnor, med stora Heidar imillom og med mange Kollar og Kambar, som risa høgt upp yver Heidarna. Landet er her so høgt, at det stig upp um Skogvokstren; endaa paa nedste Fjellbrunom veks inkje annat en Smaaskog og mest av eit Slag, som kallast Klungrebjørk elder smaa Fjellbjørk med stutte Stuvar og krokutta Greiner. Lenger uppe verd det berre Fjellrape (Dvergabjørk) og Fjellvider og ymis onnor Smaakjørr, som plagar veksa i slika Høgder; men ellers kann der vera god Grasvokstr, so at der er gildt Beite fyre Fenaden paa Heidom. Men naar ein so kjem høgre upp i Fjellkambarne, so er der korkje Kjørr elder Gras, men berre Mose og smaatt Lav og stundom berre snaude Berget. Paa ymse høge Fjellrabbar verd Snjoen liggjande lenge fram paa Sumaren, so det er berre eit litet Bil um Hausten, at dei ero avtøyade, og paa sume Stader, der som er djupa Dekker elder Holor i Grunnen, tidnar Snjoen aldri upp, men verd liggjande i fasta Fonner Aar etter Aar. Soleides er der i nørdste Luten av Fjellet nokre høge Klettar, som alltid ero kvite av Snjo; desse Topparne kallast Hettorna og den høgste av deim er den, som jamnast er kallad Snjohetta; denneToppen er ein av dei høgste i heile Landet og er reknad til eit Høgdarmaal paa 7800 Fot yver Havet. So stora Vidder, som denne Fjellmugen fyller, so er han daa inkje alltid aud fyre Folk, og helder inkje gjerer han større Skilnad imillom Bygdom, en at Folk ifraa baada Sidor koma tidt og ofta saman. Ymse Fjellgardar og Sætrar liggja langt inne i denne Fjellmarki, og dertil er der inkje mindre en tri Postvegar imillom Dalførom sunnanfjells og nordanfjells, ein ifraa Gudbrandsdalen til Uppdal, og tvo ifraa Øysterdalen til Gauldalen. Den vestre Vegen, som er kallad Vegen yver Dovre elder Uppdalsvegen, er mest kunnig fraa gamla Tider, og giv ogso dei stoltaste Utsyner, med di han gjeng tvert yver sjølve Fjellet og hever baade den største Høgdi og den største Lengdi bygdamillom, framfyre dei tvo andre Vegarne. Han stig upp ifraa Dovre-Sokni igjenom ei stor Skogarlid, kallad Dovremorki, sidan gjeng han yver berre opna Heidar somaata som tri Miler langt, og deretter hallar han ned igjenom ein trong Fjelldal, kallad Drivdalen. Paa denne Vegabolken er fjore Fjellgardar elder Fjellstovor, som hava voret bygde til Kvildarstader fyre farande Folk; og paa kvar Stad er der buande Folk, som halda Husrom til Nattarlæge og Hestar til Skjot fyre deim, som kunna turva det; dei hava gode Hus og ero vel raadde med alt, som farande Mann kann trenga; Suvlvaror og Avdraatt av Fenaden hava dei riklega av sin eigen Avle, men Grjonvaror ljota dei henta upp or Bygdom. Den synste Fjellgarden heiter Fokstova (Fokstuva); han ligg paa ei stor Fjellsletta ovanfyre Dovremorki, og nordetter derifraa er flata Heidar og lettfør Veg. Den næste Garden er Hjerdkinn, midt paa Fjellet; denne Staden finst nemnd i Kong Sverres Saga, der det er fortalt, at Sverre kom ifraa Oslo og vilde nord til Nidaros (Trondheim) til at verja Byen mot Heklungarne, og daa han kom til "Hiardkinn" paa Fjellet, møtte han nokre av sine Menner, som komo nordantil og fortalde, at Byen alt var innteken, og at dei hadde lotet røma. (Detta var i Aaret 1182). Nordanfyre denne Garden gjeng Vegen tvertyver ein høg Aas (Hjerdkinn-Høgdi), som er reknad at vera frammot 4000 Fot yver Havbruni; her er det høgste Leitet paa Vegen, og her umkring hever ein ogso den største Utsyni, paa den eine Sida til Snjohetta og ymse andre Fjellknausar i Vest, og paa hi Sida til Rundarne imot Øysterdalen. Fraa dette Leitet hallar Vegen nedetter imot Drivdalen, og paa øvste Tromen av denne Dalen ligg den tridje Fjellstova, som heiter Kongsvoll; sidan gjeng Vegen jamt ned igjenom Dalen, og der ned i er den fjorde Fjellgarden, som heiter Drivstova, og som ligg laagare en hine Fjellstovorna, men lika vel myket høgre en Bygderna i Uppdal. Paa dette Skiftet nordanfyre Kongsvoll var Vegen ovlega tung og stygg i fyrre Tider; for der er bratte Berg og Hamrar langs med Elvi ned i Dalen, og Vegen var lagd igjenom ymse Hyllor og Flær imillom Ufsom upp i Berget. Paa ein Stad gjekk han tvert upp imillom tvo Hamrar, upp um ein høg Bergknaus og nedetter paa andre Sida; den Kroken er kallad Vaarstigen og var baade bratt og myket faarleg um Vetteren, naar det var Is og Haalke i Bakken. Men no sleppa Folk at fara denne Brekka oftare; for no er der komen ein ny Veg, som er lagd ned under Bergom, so at han fylgjer Elvi etter endelange Dalen. Dei fremste Bergsnevi ero utsprengde med Minor, og Holorna imillom ero uppfylde med Stein, og alt er gjort med slik ein Hagleike, at heile Vegen er so godt som flat, so ein inkje merkar nokot til det store Uppstiget imillom Drivstova og Kongsvoll. Sjølve Dalen hever dermed ogso fenget ei vænare Utsyn fyre vegfarande Folk, med di at ein no ser heile Fjellsida nedanifraa, so at Fjelli sjaa høgre og storleittare ut, og Vegen likjest ei Geil elder Gata med kjempestore Steingardar paa baada Sidor. - Dei tvo andre Vegarne hava korkje so høgt Uppstig og helder inkje er der so langt imillom Bygdom som paa denne Vegen. Den austlegaste Vegen er sedvanlega kallad Røyros-Vegen; han gjeng nordetter Øysterdalen igjenom Tunnset (Tønsæt) og Tolgen til Bergstaden Røyros, som er kjend av sitt Koparverk og ligg i ei Lægd imillom nokre stora og jamna Heidar, nokot yver fjortan Mil ifraa Trondheim og tri og tretti Mil ifraa Oslo (Kristiania). Nordanfyre Staden bøygjer Vegen i Nordvest yver ei Heid og kjem ned i Aalen, som er øvste Sokni i Gauldalen. Paa denne Vegen er ogso ymist forvitnelegt at sjaa fyre langferda Folk. Øvste Bygdema i Tolgen og ved Røyros liggja so høgt uppe, at Kornet inkje kann mognast, og difyre hava dei ingen Kornavl, men derimot hava dei gilde Grasmarker og god Avdraatt av Buskapen. Gardarne sjaa ut mesta som Sætrar, av di der er berre Grasvollar og inkje Aakrar kringum Husi. Og endaa sjølve Røyros ser ut som ei stor Sæter utanifraa; men naar ein kjem inn i Byen, ser ein mange væne og nette Hus, men allesaman smaae; for det vilde inkje duga at byggja store Hus paa denne Staden, der Vetterkulden er so ovlega sterk, at Folk ifraa Sjøbygdom inkje kunna tenkja seg slik ein Kulde. Ellers er der god Utsyn og vænt Land at sjaa til, endaa det ligg so høgt til Fjells; og naar ein kjem yver Heidi paa nørdre Sida, so fær ein sjaa eit Landstykke, som er vænare en alt det andra; det er Aalen, ein ovlega fager Dal med ei stor Sletta i Midten, med jamna hallande Lider i Kring og med store Bjørkaskogar i Lidom. Aalen er ei av dei vænaste Fjellbygder i vaart heile Land. Imillom desse tvo Vegarne ligg den tridje, som kallast Vegen yver Kvikne og som er beinaste Vegen imillom Austlandet og Trondheim, sidan Dovrevegen krøkjer vel myket mot Vest, og Røyrosvegen lika so myket mot Aust. Kviknevegen tek av ifraa Røyrosvegen paa Tunnset og gjeng yver ei liti Heid; der tek Landet til at halla nordetter, og Vegen stemner ned i ein Dal med eit stort Bygdarlag, som heiter Kvikne; sidan vikjer han av ifraa denne Dalen og gjeng nord yver ei lang Heid, som er kallad Holtet, og sidstpaa kjem han saman med Dovrevegen ovanfyre det Skjotskiftet, som heiter Gardlid. Paa denne Vegen er inkje fullt so myket til at sjaa som paa dei andre; men so kann det daa merkast, at Storbygdi i Kvikne er ei rett fager Bygd; berre ho ligg nokot høgt og hever ein stor Kulde um Vetteren. Tittelsida til Skrifter i samling [Attende til bokhylla] [Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1911. Tidlegare uprenta. Siste delen av manuskriptet er bortkome.] Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad gjon@sn.no